Tilbakeblikk: I slutten av april 1982 kunne 66 åringen Olav Martin Olsen markera 50 år som bakar. Det gjorde han med å baka nye daglege brød i Olsen Bakeri, med lokale i kjellarhøgda i eige bygg ved Kjøtteinsvegen på Bjelland. På gateplanet var det utsal for brød – og ikkje minst – Olsen sine skorne tebrød med syltetøy i midten. Så gode, at vikajenter- og –gutar framleis kan minnast smaken.
Dette året, 1982, var det offisielle folketalet i Stord 13 080. I kommunen var det fire lokale bakeri: Leirvik Dampbakeri, Frugård Bakeri, Hystad Bakeri og Olsen Bakeri. I Fitjar dreiv bakar Henriksen. I fjor passerte folketalet i Stord 19.000 – utan bakeri i drift innan kommunegrensene.
Eit aldri så lite tankekors, kanskje?