Årsaka kjenner me ikkje førebels, men det kan henda at dei som fekk det til å skumma i fontenen i Rundingen i helga, hadde planar om å vaska vatnet i «bassenget» der. Eller kanskje var det vask av steinane i same «bassenget» som stod på agendaen. Fint blei det likevel ikkje med eit skummande kvitt vasslok i pyntedammen i Leirvik sentrum.
Særleg trong for etterforsking skulle ikkje til for å finna årsaka til skummet. I vatnet låg ei tomt Zalo-flaske. Det er å vona at åtaket på fontenevatnet ikkje medfører skade på pumpemaskineriet – som måtte gjennom ei større oppgradering før sesongopning i mai i år.