Er du mellom dei som irriterer deg litevetta kvar gong du skal ha tomatketchup på pølsa, burgeren, pizzaen eller i blandinga med kjøttdeig spagetti? Irriterer deg over at den raude sausen alltid er i botnen av plastflaska og du må dunka og slå og halda flaska opp-ned ei stund for å få fram godsakene? Løysinga på vanskane er ikkje lenger vekke enn i Brandasund. Tre-tusenkunstnar Øyvind Johnsen har dreidd eit solid lite stativ til å setja flaska i – med tuten ned heile tida – klar til å levera ketchup’en på sekundet når du vil. Johnsen har verkstaden og utsalet sitt på bryggekanten nok timetrar utom butikken og Fabrikkloftet