Fredag 4. august entrar Endre Olsen scena under Notodden Bluesfestival. Saman har han med seg Anne Fagermo.
På festivalen sine heimesider vert duoen presentert i følgande ordlyd:
Anne Fagermo har på kort tid gjort seg bemerka som ein talentfull songer og låtskrivar. Med si særeigne stemme og unike musikalske stil har ho imponert Noreg med sine opptredener på «The Voice» på TV2. Ho har røt i pop/rock-sjangeren, men låtane hennar har òg ein country-inspirert sound som gir ein frisk og unik vri.
Med sin dialektforankra viserock på platene «Bøttevis med blått» og «Baklengs tebake» har stordabuen Endre Olsen hausta høge terningkast i pressa. Anne og Endre byrja å opptre saman våren 2023 etter at dei begge var deltakarar i tv-programmet “The Voice”. No spelar dei kvarandre sine låtar saman, samt nokre coverlåter.