Her er me tilbake i januar 1981, den gongen bingo var «in» og ikkje minst ei vitig kjelde til å skaffa driftsmidlar til idrettslaga og andre aktivitetar. Frammøtet var godt og det var stadig like spennande å venta på neste talet i håpet om fem kryss på rekkje og storvinst. Biletet er frå bingoen i Samfunnshuset 13. januar. Her er det full konsentrasjon og fullt hus.