I ekspedisjonen i Stord Rådhus ligg to ringpermar fulle i namn på røysteføre stordabuar. Fram til valdagen 11. september har me høve til å sjekka om me er innført i manntalet med rett informasjon. Er me ikkje det, kan me heller ikkje vera med å velja nytt mannskap til kommunestyre og fylkesting. Difor kan det vera lurt å ta turen innom rådhuset og sjå til at fakta er som dei skal vera.
I kunngjering skriv Stord kommune:
«Dersom du meiner du, eller nokon annan, er urett innført eller utelaten frå manntalet i kommunen, kan krevja feilen vert retta opp.
Kravet skal vera skriftleg og grunngjeve og skal sendast til Valstyret på post@stord.kommune.no, eller Valstyret, Stord kommune, postboks 304, 5402 Stord.»