Litt usikker på kven dette vesle innspelet skal sendast til, men meiner me endar hjå Vegvesenet som eigar og drivar av ferjekaiane. Denne gongen gjeld det den digitale informasjonstavla i Sandvikvåg, som over tid no ikkje har hatt noko særs informasjons å by på. Altså svart skjerm.
Det vanlege har vore melding om neste/komande avgang mot Halhjem. Og kanskje er det slik blitt, at trongen for å vita neste avgang ikkje er så overveldande stor sidan det store deler av døgeret berre er korte 20 minutt mellom kvar gong ferja smett i støet. Sett med turistauge ville det likevel vore flott service med lesbare avgangstider på tavla. Ingen tvil om det!