Pitlar eller plukkar me bær?

Freistande bringebær mange stader for tida, spørsmålet er om med pitlar eller plukkar dei? (Foto: Steinar Hystad)

Pitla eller plukka (eller plokka, på godt stor’amål). Ja, kva er det rette ordet å bruka når me går til ripsbusken eller dei ville bringbæra som no byr seg freistande fram, for å fylla godsaker i spannet.  Pitlar me bæra, eller plukkar me, og kva om me brukar den raude  innretningen, populært kalla «plukkaren»?  Kanskje me då haustar bæra?

Stordront kom på  gata i går i rimeleg heftig diskusjon om kva som rettaste nemninga på bær-gjeremålet.  Har nokon i lesarkrinsen vår klar meining i saka, er det berre å senda si ytring til  tips@stordront.no