Ved nærare studie av skroget på seglaren med det gøyale namnet «Red Shoes», var det lett å oppdaga kvar namneinspirasjonen var henta: Nede, mest i vassloket, var det mala to knallraude tjukke striper rundt heile skroget. Det var dei «raude skorne», skjemta reiaren. Og vedgjekk at det var henta inn ein del smilekommentarar for namnevalet.