I juli 2023 er 1,1 prosent av arbeidsstyrken registrert som heilt ledig i Sunnhordland. Dette tilsvarar ein auke på 43 personar samanlikna med førre månad og 37 færre samanlikna med juli året før.
– Det er normale sesongvariasjonar som ligg bak at talet heilt ledige har auka. Me vurderer framleis at arbeidsløysa er særleg låg, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.
I juli hadde Fitjar kommune den lågaste arbeidsløysa i Sunnhordland med 0,6 prosent.
Det var lyst ut 243 ledige stillingar i same periode – opp fem prosentpoeng mot juli i fjor.