Mellom dei 20.000 gymnastane som komande dagar samlast til verdas største turnstemne i Amsterdam, er ein sprek tropp frå Stord.
10 damer som kvar måndag møtest til innøving av «tabellen» som skal framførast saman med resten av ein stor kontigent linjegym-entusiastar frå Noreg. Gymnastrada er namnet på storstemnet – og det imponerande frå troppen som representerer Stord IL, er at dei er med for 41. – førtieinte – år på rad etter oppstarten i 1982.
– Me har eit mål å øva mot, har det kjekt saman og får møta andre som likar linjegymnastikken, seier Stord-troppen før avreisa. Dei kan sjå attende på deltaking i stemner over det meste av Europa.