Trong for ekstra Huglo-fil

Er det fleire enn ti bilar som skal til Huglo, må det «lånast» venteplass i femte Hodnanes-fila. Det skjer ofte. (Foto: Steinar Hystad)

Seinast onsdag denne veka skapte  fil-skiltinga  på Jektavik ferjekai krøll for den aukande  biltrafikken til Huglo.  15 bilar skulle over Nuen med 12.15 ferja, medan det berre er plass til om lag 10 bilar  i ventefila merka Nordhuglo. Dei fem andre ventefilene er merka Hodnanes. 

Å «forlenga» Huglo-fila oppover mot E39 går ikkje, for då sperrar ein for bussen. Samstundes kvir sjåførar seg for å køyra inn  i femte Hodnanes-fila – for det er jo ikkje der ein skal!

Den ekle løysinga på problemet, er at filskilt nummer fem (frå venstre) blir byta frå Hodnanes til Nordhuglo. Trafikalt vil dette gå fint, sidan tysnestrafikken klarar seg godt med fire ventefiler på Stordsida av Langenuen.