Godt ventetips å henta i Rosendal

Venteromet med toalett på kaien i Rosendal. (Foto: Steinar Hystad)

Det er mest som ein  stordabu kan bli misunleg på rosendølane når det gjeld fasilitetar medan ein ventar på buss eller båt. I eit parkmessig opparbeidd område  på kaien i baronibygda, er det sett opp eit fint bygg med venterom og  wc toalett.

Innandørs, i ly for pøsvatn og vind kan ein sitja i påvente av vidare transport.  Ein slik skyss-stasjon, og ikkje minst eit off. avtrede, har vor på drøftingsstadiet for Leirvik i mange år.  Rosendal viser kor greitt det kan gjerast.