Ja til ny veg og fuglevern i Rossneset

Eitt av vilkåra for at Stord kommune får byggja skogsbilveg i arboretet på Rossneset ved Storavatnet, er at det bli teke særleg omsyn til  den truga kvitryggspetta. I hekkeperioden mai, juni, juli  blir det såleis ikkje høve til hogst,  melder Stord Fitjar Landbruks- og miljøkontor som nett har gitt klarsignal for tiltaket.

I konklusjonen for positivt vedtak heiter det:

For å kunna forvalta skogen på Rossneset er det naudsynt å byggje skogsbilveg. Den nye vegen skal følgje den opphavlege traseen, noko som gjer naturinngrepa mindre omfattande. Etter ei heilskapleg vurdering av tiltaket, kjem SFLMK fram til at tiltaket er eit godt jordbrukstiltak som det kan gjevast løyve til.