Godt med sentral og lun hamn i ruskavèret

«Rekord-døger» i gjestehamna. Biletet er teke seie måndagkveld. (Foto: Steinar Hystad)

– Når regn og vind pregar høgsommardøgera, fyllest det opp i gjestehamna vår. I dag morgon talde me 58 båtar til kaiane, og det er  «rekord» så langt i sommar, seier  hamnesjef Inge Espenes til stordront tysdag.

Han er då på morgonrunden saman med ferievikarane, som vil seia  å henta ferske rundstykke på Amfi som frukostbidrag til  båtgjestene, saman med fersk avis og anna info-materiell  om tilboda i  byen Stord.

Når trafikken er stor som no, hadde det vore greitt med endå meir kailengde å by på.  For det er det er plass som er  etterspurt – som ein naturleg følgje av at båtane blir større, medan gjestebryggene er som dei har vore siste ti-åra. Men elles er dei maritimt besøkande nøgde med fasilitetane  hamna i Evjo har å by på .