Når båten er god nok ( og truleg vel så det) er det like greitt å setja rett namn på den flytande feriestaden. Det hadde eigaren av ein seglar frå Radøy gjort, «Godnok» stod det i bugen, grått på svart.
Elles er det å merka seg at dei fleste lystbåtar er døypte med «damenamn», såleis låg både «Aud 3» og «Aud 4» i rekkjene av fagre feriebåtar som søndag hadde søkt lun liggjeplass inst i Lervik gjestehamn.