Ber kommunen fjerna «monster-tre»

Straumleidningane går gjennom lauvverket på det høge treet. (Foto: Steinar Hystad)

Oppsitjarar i Brotalio meiner å har gode  grunnar for å be kommunen fella eit svært høgt tre i grannelaget deira. Treet står på kommunal veggrunn og naboane har hatt sak gåande i tre år for å få det felt. I ny e-post til kommunen blir  ankepunkta tekne opp att: –  treet er ei sol-sperre, ein ser fare for rotvelt og straumleidningane  går gjennom  bladverket.  Oppsitjarane saknar  tilbakemelding frå tidlegare tilvendingar i tre-saka ber no om at spørsmålet kjem fram til rette vedkomande og at det blir teke ny synfaring.

Frå etaten får stordront  opplyst at det har vore gjennomført kommunale synfaring, der konklusjonen vart at treet ikkje er til fare og at det difor får stå høgreist – enno ei stund.