Ein del år har gått utan hestevrinsk frå stallen i Knutsaåsen, og tida er komen for fjerning av bygget som smått byrjar merkast av alder og år.
– Dei kommunale tekniske tenester har sendt søknad til eining for regulering, byggesak og oppmåling, om løyve til riving. Kvifor?
– Stallen og område rundt blir tomt for den nye sjukeheimen som skal byggjast i Knutsaåsen, og me har valt å søkja godkjenning for riving no, for å vera ute i god tid, som det heiter, svarar Arne Bjelland, dagleg leiar i etaten.