Etter ein lang periode med tørke gjekk det som det måtte gå då slusene opna seg og sende styrtregn og torebyger ned over vegen opp Vatnadalen tysdag. Det er ikkje første gong – og truleg heller ikkje siste – at striregnet tek med seg store delar av denne grusvegen. Verst er det, som bildet viser, rett ovanfor inntaksdammen i Vatnadalen.
Det er ikkje lenger framkomeleg for motoriserte kjøretøy – og om du skal ut å gå den populære turløypa er det om å gjera å vera varsam med kor du set føtene.
Så får me vona vegeigar ser over skadene og får utbetra vegen ved høve.