Høgskulen på Vestlandet, Campus Rommetveit, har investert i eit sjønært og flott samlingspunkt. Ein stor gapahuk med utsikt rett til Langenuen, plassert ved utgangen av Lærarskulehagen/inngangen til Breivikjo badeplass (og ikkje så langt frå det offentlege «bade-toalettet»).
På gapahukveggen er det hengt opp plakat med retningsliner for bruken av bygget og anlegget. Her blir det gjort klart at gapahuken er Høgskulen på Vestlandet sin eigedom og er såleis til høgskulen sin disposisjon. Om ettermiddagen (etter 1600) og i helgane kan ålmenta nytta gapahuken.
I punkt to blir det oppfordra til at fleire turfølgje kan nytta anlegget samstundes og at brukarane viser omsyn til kvarandre. Punkt tre oppmodar til å rydda og forlata gapahuken slik du sjølve ønskjer å finna han. Det er ikkje høve til bilparkering i området, og det ikkje lov å opphalda seg i gapahuken mellom 2200 og 0800.