Lønningstemmo har ein kjempebukett vassliljer i full blom å by på til dei som i desse dagar legg turen framom. Kanskje er du like heldig som stordront sin rontomkringvandrande var då vassliljene skulle forevigast: – Med mobilen i «skotposisjon» kvakk han av nokre kvasse kvakk-kvakk frå ei særs påpasseleg andemor. For å vera sikker på situasjonen samla ho sine tre små og til ein trygg og roleg symjetur i blomehavet. Det vart eit idyllisk naturbilete å nyta.