Blir betre for auren i Petarteigelva

Skal bli betre tilhøva for sjøauren i Petarteigelva (Ill. foto: Shutterstock.com)

Statsforvaltaren i Vestland har gitt Stordøy jeger- og fiskarlag  løyve til å gjennomføre habitat-tiltak i Petarteigelva. Løyve er gjeve med heimel i § 2 forskrift om fysiske tiltak i vassdrag, og på vilkår, går det fram i skriv frå statsetaten.

Om bakgrunn for løyvet, heiter det:

«Petarteigelva ligg i Stord kommune, og har sitt utløp i Dåfjorden. Elva har ei brukslengde for anadrom fisk (sjøaure) på opp til 1 km til eit naturleg absolutt vandringshinder. Undersøkingar av elveløpet utført av Rådgivende Biologer AS i 2021 fant at den største svakheita ved elvas kvalitet var eit kunstig absolutt vandringshinder i form av eit gamalt røyr ca. 0,5 km frå elveutløpet, som sannsynleg blokkerer vandring til dei øvste delane av elva. Det er også segment med nedsett kvalitet grunna lite morfologisk variasjon, samt manglande kantvegetasjon. Det er søkt om løyve til å fjerne det kunstige vandringshinderet, samt etablering av noko kantvegetasjon, plassering av steinar i delar i elveløpet for å auke den morfologiske variasjonen og erosjonssikring ved utlegging av steinar i eit mindre område.»

Som rettsleg utgangspunkt blir det vist til  Lakse- og innlandsfisklova. Den har til føremål  å sikra at stammer av laksefisk m.v. og deira leveområde vert forvalta i samsvar med naturmangfaldlova