– Kan da der vera rett, sa den spørjande forbipasserande og peika på skiltet på den toetasjes fletta nye VY-bussen som stogga på terminalen på Leirvik kai. På rulleskiltet som viser kvar bussen har ruta, stod namna Kristiansand – Oslo.
– Går da buss direkte herfrå te Oslo, då – kanskje?
Svaret er; javisst gjer det det. VY-bussen frå Bergen kvar morgon, har stopp på Leirvik terminal og går derfrå kl 10.55. Elleve timar seinare, rett over kl 2200, stoppar same stasbussen i hovudstaden på Oslo sentralstasjon. Til ein pris av 800-900 kroner har ein sete godt, i godt sete og sett halve kongeriket fara forbi. Det er naturlegvis stopp i større mindre byar og tettstader undervegs. Altså eit spennande reisealternativ, som viser kor sentralt i landet Stord eigentleg er plassert.