– Test deg sjølv og mål deg mot andre på desse amatøranes meister apparat.
Dette er den klare opp- og utfording frå kreftene som igjen har sett opp «meisternes meister apparat» som næraste nabo til Storddøra i Onarheimsparken. Du vil kjenna dei seks utfordringane godt att etter den populære TV-serien, der m.a. Håvard Tvedten fekk testa seg så sveitten silte for eit par år sidan. Han har fått ei øvinga oppkalla etter seg: – Mjølkesyrepressaren. Elles kan du prøva kreftene på 90-gradaren Gaute, Styrkeprøven Skaar og bøtteballetten Magadalena og nokre til.
Mellom «slaga» kan du kvila i den store solide betongstolen på molotuppen med utsyn til by, fjell og fle.