Mimrediktet «Når M/S Sunnhordland kom» høver som reprisesending når stordront i dag markerer at det er gått femti år sidan «Sunnhordland» gjekk siste runden Bergen – Sunnhordland – Bergen. Det skjedde 20. juni 1973. – for 50 år sidan i dag. Hyllingsdiktet er å finna i boka «Stordhendingar – i mimrebolken 1970 – 1979».
Når Sunnhordland kom innøve baien
Møtte alle me vikafolk opp på kaien
Presis som eit dyrt sveitserur
Kom han frå Bergen på sin daglege tur
Trossa vart festa kvart på seks
Sto me i vegen, fekk med av Haugland korreks
Lasting og lossing gjekk føre seg framme
Midtskips kom posten i land med det samme
Men det var akter det var spennande å stå
Der kunne me alle byfarande sjå
Kva hadde ho og han gjort i Bergen i dag?
Å, jasså ja- var det dei som hadde vore i lag?
Siste nytt fekk me på direkten der og då
Me trong slettes ikkje Dagrevyen sjå
Hadde kontrollen med det me trong
Hadde å prata om då farveldingelingen song
Om natta kom Sunnhordland på tur nor’
Då var det mange som til Bergen for
På vårparten 1973 kom det frå HSD
Til Sunnhordlands vener ein trasig beskje’
20. juni blir siste runden for snøggruta
Det var nett før vikafolket byrja møsetuta
Trøysta får vera eit ettermæle i stjerneklassen
– i Finland fann båten vår den nye tumleplassen.
PS i 2015 vart Sunnhordland henta «heim» att og har no sin faste base ved ventekaien i Leirvik.