Pandemien som sette så mangt ut av spel nokre år, gjorde seg også gjeldande på steinkvileplassen på toppen av Sherpatrappene i Fossabrekko. Altså ved inngangen til fjelleldoradoet Kvelve. Grunna smittefare henta turlag inn gjestebøker, også den som har hatt tilhald i kassen på den staute høge varden. Der kunne me heidra oss sjølve for god innsats i steintrappa med innskriving i manntalet, pluss at siffera i eine margen gav eit bilete på kor stor turtrafikken til fjells er.
Når smittefaren no blir sagt å vera omtrent avslutta, på eit vis, er gjesteboka i Kvelve etterlyst. Hjå Stord-Fitjar Turlag får Stordront opplyst at ny bok er i kjømda.