– Det er 11 år sidan forprosjektet for fastlandssambandet mellom Huglo og Tysnes/Skorpo vart ferdigstilt, så no bør det vera på tide å få detaljreguleringsplanen på plass. Kostnaden er stipulert til 3-4 millionar kroner. Etter kva me erfarer er Tysnes kommunen positiv til å delta økonomisk.
Huglo bygdalag skriv slik i i brev til ordførar, rådmann og leiarane i dei politiske parti i Stord, som snart skal vedta revidert budsjett for inneverande år. I skrivet blir det understreka at den aller viktigaste oppgåva for bygdalag er å få fastlandssambandet mellom Huglo og Tysnes realisert.
I forprosjektet, signert i 2012, er både traseval på Skorpo og Huglo og brua over Laukhammarsundet teikna inn på kartet.
Bygdalaget avsluttar brevet til folkevalde og kommuneleiing med eige forslag til vedtak i kommunestyret. Det går slik:
- Stord kommune går snarast i dialog med Tysnes kommune og fylkeskommunen for å klarleggja detaljreguleringsplan for sambandet Huglo-Tysnes
- Stord kommune og Tysnes kommune avklarar kostnadsfordelinga med planen.
- Stord kommune har som mål å starta opp arbeidet med detaljreguleringsplanen året 2023.