Midt i Sagvågsbrekko står den kvitmåla Sauebuo, som stolt minne om tida då det var fleire daglegvarebutikkar/landhandlar på og rundt kaien i tettstaden. Bygget vart reist av familien Saue i 1911, som seinare bygde ny butikk litt lenger oppe i gata.
Sagvågen Kystlag kjøpte Sauebuo for ein del år sidan for å ha det til lagshus. Seinare er ein komen til at drifta på eigedomssida skal konsentrerast til farty av ymse slag og meir permanent tilhald i dei historiske kystrammene på Jensaneset.
– Me fekk tilbod om å kjøpa Sauebuo og då saka var føre på ekstraordinært årsmøte nyleg, vart det eit klart JA til å overta. Det er viktig å ta vare på bygget og bygdalaget legg opp til aktiv bruk, når me får fiksa bygningen opp litt. Mellom andre ønskjer damene som møtest til det populære «Spøt og drøs», å ha framtidig base i dei tidlegare butikklokala, fortel bygdalagsleiar Stein Braathen, til stordront.no.