Stord Maritime Museum på Nattrutekaien er klar til å ta i mot besøkande i sommar med nye utstillingar og montasjar, fortel Gunnar Bjørk, leiar i stiftinga.
– Eit tjue tals flott båt-modeller har fått sin eigen vegg. Historia om «handelsbåten», som vart nytta av grossistar til varepresentasjon i distrikta blir fortalt. Det same blir soga om første kvinne som var sjukepleiar på kvalfangst i Sørishavet, ho kom frå Stord.
– Museet er fullt av gjenstandar som speglar industri og kystkultur historie i Sunnhordland. For vaksne eit tilbakeblikk, for born ein spanande historietime, fastslår Bjørk.