– Ungdomshallen anno 1908 må reknast som første kulturhuset i byen, og skin no nymalt i sine tidskorrekte okerfargar. Det gleder ein vikagut så mykje at eg ber om «spalteplass» til oversending av ein verbal rosebukett til eigarar. Dette var både gildt og kjekt å sjå, nydeleg, seier lesaren som tok kontakt tysdag.
Stord Musikklag, Leirvik Mannskor og Stord Ungdomslag eig Ungdomshallen, som fungerer som øvingslokale, møtelokale og teatersal. Den eldre garde stordabuar vil hugsa at det i førstehøgda lenge var tre verksemder: Sykkelreperatør Hansen, Skomakar Vallestad og Frisør Skjønberg.