Jo, det er kjekt når det sydar av liv i bysentrumet vår, slik det gjorde ì strålande sommarver laurdag. Då fekk me vist, og ikkje minst bevist, at Leirvik har eit stort og sjønært område til fest- og marknadsbruk. Ventekaiområdet, var i høve dagen omgjort til leikeplass, informasjonsplass og serveringsplass. 40 lokale lag og organisasjonar, politiske parti og produsentar av diverse godt å eta fekk møte eit stort publikum. Det var aktivitetar også langs kaien bort til Thiisafabrikken, til Redningsselskapet og Seilforeningen. I andre enden av hamnepromenaden, var det open dag på Stord Maritime Museum. Leirvik by har så visst å by på!