Ein særmerkt bjørkeallè pyntar opp langs fylkesvegen over Vaskeriplanet på Litlabø. Det spesielle er at stammene er kvite, noko som er meir vanleg til fjells enn i låglandet. Tipsaren i saka, meiner grunnen er at bjørkene har ope lende mellom seg og på det viset får meir «frisk luft». Bjørk i meir tettvaksen skog får oftast ein mørkare neverfarge og bli gjerne mosegrodd i tillegg. Nyt synet neste gong du passerer.