Det stundar til ferietid og dermed aukande trafikk til Leirvik gjestehamn, og me vil tru at det var «flytande» gjestene informasjonen om Matkroken var mynta på då skiltet kom opp. Det er hengt på ein vegg mot gjestehamna og peikar veg innover Vikjo, mot matbutikken. Bøygen er at Matkroken i Bytunet stengde dørene for ei god stund sidan.
I staden for villeiande informasjon, kan det jo hengjast opp nytt skilt som helsar «Velkomen til Leirvik»?