Frisk nordavind godt for moderne slått

– Ikkje rekordavling, men graskvaliteten er prima, seier slåttekarane om 2023. (Foto: Steinar Hystad)

– Ber me om sol  på denne årstid, må me ta  nordavinden  med «på lasset».  Då får me  ønskjevèr til å ta førsteslåtten, seier mjølkebonde Albert Eikeland i Sørhuglo samdrift  til stordront.no.  Kollega Harald Rydland  i Rydland storfe er av same meining.

 Siste dagar har  slåttmaskinar rulla over grasengene  i distriktet.  På mange bruk blir det drive slått på moderne og miljøvenlege måte –  med frisk vind frå nord som god medspelar.  Får nyskore gras liggja til «tørk» sol og bris eit døger, blir  store deler av væta henta ut og det resulter i  færre ballar, mindre plastbruk og mindre køyring  – alt medan kyrne er sikra  godt vinterforet.