I vêrstatistikken for haust/vinter 2022 noterer me at første snødetten fall på Ulvanosa (1248 m.o.h) natt til 6. desember. Trur faktisk også det var litevetta kvitt å sjå på Stovegolvet.
Godt «taima» i så fall, sidan kommunen måndag sende ut varsel om at Kattnakkevegen frå d.d. er stengt for køyring for vinteren. Skiltet blir sett opp i krysset Lundssetervegen/Kattnakkevegen.
I plussmargen fører stordront.no inn at ei rekkje fortau hadde fått strøsand på seg alt måndag kveld.