Det som tidlegare var meir stasjonere årsmøte for Hordaland Bygdekvinnelag, er bytta ut med eit årleg streif rundt i fylket. I fjor til Tysnes, i år til Huglo der det driftige lokallaget laurdag var vertskap for vel 60 tilreisande. Gjestene vart tekne imot med fullt dagsprogram. Starta med velkomsthelsing, heimebakst og drikke og interessant informasjon kring dei 61 klenodia i Omnshuset på Nordhuglo. Lunt og godt, vertinne Eline Bruntveit hadde fyrt opp i dei store «kyrkjeomnane». Neste stopp var skuleplassen, med fordeling i tre grupper, som veksla på gaida busstur på den fagre øya, besøk på dyrerike Myrvold gard, før avsluttande samling med full middag i gymsalen på gamleskulen. Bygningane er i eige av Bygdalaget og vart omdøypte til Bygdastova.
Kathrine Huglen, nyvalt leiare i Huglo bygdekvinnelag, kunne der fortelja at laget har 17 medlemer, møtest ein gong i månaden og har mange gjeremål. Eitt av dei har vore å skaffa midlar og få sydd og hengt opp det nye blå sceneteppet i gymmen. Det gav applaus frå salen. Det same då leiaren i fylkeslaget, Åsa Gunnarsdottir, frå Ulvik, takka for huglavertskapet for ein innhaldsrik dag.