Ei flott fjør kunne setjast i jubilumshatten til Stord Hesteskoklubb laurdag ettermiddag. Med sikker kasting av dei 680 gram tunge stålskorne gjennom ei mest fem timar lang tevlingi på Lindås, vart det sterk sølvmedalje til kvartetten: Annar Westerheim, Dag Otto Koppang, Rolf Ekre og Jon Hermann Sørheim. Samla sett den beste passeringa i eit Noregsmeisterskap så langt i Stord-klubben si 30 år lang soge. 10 lag frå det ganske land var med i konkurransen. Vinnar vart, ikkje utventa, Nordhordland hesteskoklubb.