«Mimrekveld med høg allsong¬faktor» var oppsummeringa i Bladet Sunnhordland då ‘70- og ‘80-talsheltane i Termoztat, De Stressless og Electro Sound samlast på scenen i Arena for sju år sidan. 2. juni står dei tre banda på scenen igjen, i Sommarteltet på torget.
Dette blir ein ønskereprise, både for fans og utøvarar, og me kan garantera godstemning!
Billettar finn du på Bakeriet Frugård sine heimesider.