– Dei som takkar ja til deltaking i topp 8-turen til Stord Fitjar Turlag har uvanleg mykje att for startkontigenten. Ikkje minst det å læra fjellet vårt å kjenna på ein ny måte. At det er mange ruter å gå, at det er fleire toppar enn «kjendisane» Stovegolvet og Kattnakken. At det i turlaget finst mange kjekke og hjelpsame personar, som, ofte saman med sponsorar, heiar på deg når du du tykkjer det er veldig bratt til topps. Då gir det styrke med påfyll av saft og småknask fram mot neste topp. Samt det faktum at ein full runde med åtte toppar kjennes i lår- og kneområda, når ein skal ta siste innspurt nedover til mål. Fantastisk vondt, etter ein fantastisk tur i det best tenkjelege turveret vestanfjells. Og berre blide folk.
Ut frå denne kommentaren frå ein av dei 402 som stilte til topptur i det strålande vèret søndag, kan ikkje annan slutning trekkjast enn at dette vart ein topp topptur. I fjor vart det mykje regn og søla i stiane.
Deltakarane kunne velja mellom 1 topp, 4 toppar eller full pakke med 8 toppar. Først Steingilsheddi, vidare til Budalsfjellet, Stavlio, Sørliknatten, Skårafjellsåto, Skårafjellet, Nibbo og Stovegolvet – så nedover sti og trapp til målpassering ved nedre brua på Kattnakkevegen.
All ros til Turlaget for tiltaket.