Representanten Fredrik Ugland Litleskare (H) hadde tre spørsmål til ordføraren i kommunestyret sin «spørjetime» på tampen av møtet 11. mai.
1. Er Stord fortsatt definert som sykkelby?
2. Vil ordfører ta initiativ ovenfor tekniske tjenester, veg trafikk, og sørge for at når forholdene krever det, besørger denne avdelingen å kalle ut nødvendig personell for å sikre kommunalt vegnett for alle typer trafikanter?
3. Om det mangler midler for gjennomføring av disse tiltakene må tekniske tjenester innrapportere dette, slik at nødvendige midler løyves?. Grundige svar frå kommuneleiinga lyd slik:
1) Stord kommune inngjekk avtale om sykkelby med Statens vegvesen i 2013. Avtalen gjaldt fram til 2016 og vart fornya i 2017 og denne gjaldt til 31.01.2020. Sykkelbyavtalen er ikkje fornya etter dette. Etter reforma gjeldande frå 01.01.2020, der fylkesvegane blei overført til fylket og sams vegadministrasjon blei avslutta, trekte Statens vegvesen seg som part i sykkelbyarbeidet. Fylket har ikkje teke dette arbeidet vidare. Stord er difor ikkje definert som sykkelby lenger. Det er ingen organisasjon eller midlar til dette arbeidet. Trafikksikringsplanen til kommunen har likevel fokus på tilrettelegging og stimulering til auka bruk av sykkel i kommunen og prioriterer tiltak som kan betre forholda for syklistane.
2) Tekniske tenester brøyter og strør vegane etter behov. Avdelinga kallar ut naudsynt mannskap for å sikre trafikktryggleik og framkome på det kommunale vegnettet. Me har fylgjande prioritering: 1. kollektivtrasear, 2. skulevegar og 3. andre kommunale vegar og plassar. Me har budsjett å halde oss til, og må difor vere kostnadsmedvitne, men lar likevel ikkje dette gå på bekostning av trafikktryggleik og framkome. Me har per i dag overskride årets brøytebudsjett. Årets vêrforhold har vore utfordrande. Tekniske tenester har hatt alle tilgjengelege mannskapar ute og håpar at innbyggjarane har forståing for at det ved ekstraordinære vêrtilhøve, kan vera vanskeleg å innfri krava. I slike høve må trafikantane opptre med aktsemd, etter vegens tilstand, samt vær og føreforhold.
3) Tekniske tenester ser at brøyte budsjettet for i år er for lite i høve behovet og vil melde dette inn i samband med budsjettrevisjon.