Sjukeheimsomkamp vil gje utsetting for nye plassar

Frå kommunen si tomt i Knutsaåsen. Det raude huset var stall, med den attfylte andedammen like utfor. (Foto: Steinar Hystad)

Eitt av fleire særs interessante og aktuelle spørsmål stilt i  Stord kommunestyre torsdag, kom frå Edgar Damås, Ap, og galdt nye sjukeheimsplassar og ein eventuell omkamp om plassering:

–  Kommunestyret vedtok som kjent å lokalisera dei nye plassane i Knutsaåsen av fleire grunnar. Ein viktig grunn er at bemanningssituasjonen i helsesektoren allereie i dag er svært pressa, og me ser at kommunen allereie har problem med å bemanna ledige stillingar innan denne sektoren. Storleiken Knutsåasen omsorgssenter har i dag, gjer at ein ikkje får utnytta dei same stordriftsfordelane som Stord sjukeheim har fått etter opninga av nye sjukeheimsplassar i 2019.

Nye plassar lokalisert på Knutsaåsen kan gi nettopp dette.

Me har respekt for at andre parti har andre vurderingar av dette. Det uroar oss likevel at Stord FrP i debatten i kommunestyret lova omkamp om plassering om dei vinn valet til hausten, der ein også skal vurdera private tomter i tillegg til dei kommunale tomtene i Sagvåg.

På denne bakgrunnen har me i Stord Arbeidarparti følgjande spørsmål: Kva vil ei ny vurdering av lokalisering av nye sjukeheimsplassar i november/desember 2023 ha å seia for framdrifta av prosjektet? Vil ein då kunna ha nye plassar klare til å setjast i drift i 2026 i samsvar med RHO-planen?

Her er svaret frå administrasjonen:

–  Mål om ferdigstilling av ny sjukeheim innan 2026 er eit ambisiøst mål. Prosjektet har likevel ein ambisjon om å oppfylla dette For større bygg er det krav om reguleringsplan, jf. Pbl § 12.1 og oppstartmøte for dette etter KST sitt vedtak den 30. mars om lokalisering av ny sjukeheim i Knutsaåsen, er alt planlagt.

Byggetomta i Knutsaåsen er regulert til offentleg område noko som er eit godt utgangspunkt, sjølv om det alltid er usikkerheit knytt opp mot moment i reguleringa.

Å starta opp med ein ny reguleringsplan etter at ein har tatt opp sak om plassering på ny vil truleg forseinka prosessen med om lag eitt år. Dersom ein etter ei ny vurdering vel ein ny lokasjon vil det føra til nytt forstudie, nye konsekvensvurderingar eventuelt og nye utreiingar.

Ved eventuelt val av ny tomt som ikkje er regulert til offentleg føremål, vil ein truleg måtta gjennom ein meir omfattande reguleringsprosess noko som kan medføra eit ytterlegare forseinking på eitt til to år.