Makrellterne, er det offisielle namnet, medan me på lokalmålet vårt seier kort og greitt – tedno. Den kvikke vesle måkefugelen er kjekk å studera på si evige jakt etter småfisk. Heng liksom litt i lufta, før han tek eit kjapt stup mot vassyta og snappar med seg eit lite måltid. Ei årrekkje har det diverre vore lite og inga terne å sjå langs strendene vår, difor kjekt å høyra ein fugleglad stordabu fortelja om gilde opplevingar i randa av Vikafle.
– Eg heldt på me noko arbeid i naustet, då eg vart observant på både lyden og rørslene til makrelltedno. Det var beint fram gildt å sjå denne fuglen stupa igjen, han har ikkje besøkt oss på mange år. Får vona tedno er tilbake på skikkeleg, seier tipsaren.
– Ja, legg han til: Denne veka kom også svala attende frå Syd’n og så merka eg meg ei linerle som på syltynne føter trippa mellom taredottar i flomålet. Ho dreiv nok matauke. Det var nytt for meg.