Elden hadde fått godt tak i treverket, då ein tilfeldig forbipasserande såg røyk siva ut frå gapahuken på Vaskeriplanet på Litlabø. Branntilløpet vart kvelt, og leiaren i Sagvåg Bygdalag, Stein Braathen vart alarmert og informert. Han kom straks til staden og driv ettersløkking. Teorien vart at einkvan hadde tent opp eit kubbalys på benken, som så vart forlete med logande flamme.
Onsdag tok Braathen saman med dugnadskollega Annar Westerheim oppdraget med å reparera den brannskadde benken. No er han god som ny, til glede for dei som har gapahuken på planet som turmål – og ikkje minst for dei mange tilreisande som har meldt seg til tevling i hesteskokast på banen like, ved komande helg.