Stord tinde- og klatreklubb har inngått avtale med Stord kommune (grunneigar) som skal gje eit nytt tilbod til aktivitet i Hustrudalen på Litlabø. I berget aust for motocrossbanen får tinde- og klatreklubben disponera område til å etablera klatreruter med boltar.
I den samanheng har klubben rett til å fjerna kvistar, reinska fjellet for lause steinar samt annan vegetasjon for å sikra rutene. I tillegg får klubben rett til å rydda stiar, samt eablera nye stiar mellom klatreområda, går det fram av avtalen.