Dei som har venta på, igjen å kunna gå snarvegen frå Bandadalen framom yrkesskulen og ned mot fylkesvegen og Vikastemmo, har så absolutt venta på noko godt å trø på.
Tysdag vart nye gangvegen erklært klar til bruk.
Det som stod att då stordront.no var oppom på føremiddagen, var å montera saksebommen som skal gje trygg nedfart til fortauet langs fylkesvegen. Stien er monaleg utvida og overstrødd med mjuk og fin sand.
Absolutt eit tiltak å føra inn i plussmargen.