Vil det skal bli mogleg å bu fast i båt

OK å bu i båt som fritidsaktivitet – men kva med det lokale regelverket for å bu i båten permanent. (Foto: Steinar Hystad)

Robert Svanberg (FrP) har til komande møte i Utval for  plan og utvikling (PUT) meldt  spennande spørsmål  til kommunestyringa. Det går slik:

«På grunn av bustadsituasjonen er det trong for å vera open for kreative buløysingar. Me ynskjer at me lar det vera/bli mogleg å bu i båt i kommunen vår. Dersom me legg til grunn at fartøy registrert av Sjøfartsdirektoratet som Fritidsfartøy kan brukast til å bu i, og ein i tillegg krev
• godkjenning frå kaieigar
• tilgang på straum
• at ein unngår utslepp til sjø

Kva meir må til for at kommunen då aksepterer (eller tolererer) at folk bur fast i fritidsfartyet sitt?

–  Dette er som kjent ei normal buform i resten av Europa og burde vera svært enkelt å få til i ein øykommune som vår. Kvar går eventuelt grensene for kva som er å bu, og kva som er å opphalde seg i båten sin som fritidsaktivitet? Kor ofte må fartyet gå frå kai, spør Svanberg.