Nyaste fartsegrenseskilta i kommunen er å finna ved inngangane til gang-og sykkeltunnelen mellom Vassneset/Buneset til møtet med Fv 545 i Sagvåg. Ein gong bygt for kistoget mellom Litlabø og utskipingshamna ved Grunavågen. Skilta, som set 6 km/t som høgste fart for rullande trafikk i tunnelen, er einaste i sitt slag så langt i Stord kommune.
– Låg fart er sett av tryggleiksomsyn, dette skal vera ei ufarleg ferdselsåre for både gåande og dei som renn gjennom på sykkel, el-sparkesykkel eller «vanleg» sparkesykkel, seier Anne Randi Naurstad, vegmynde i Stord til stordront.no.