Nyaste pressemeldinga frå Fest i Vest i Sagvåg, stadfestar at små og store har å gleda seg til i helga 23. – 25. juni.
– Me har jobba iherdig med å sy i saman eit godt program og her er ein del av det me har å by på, seier festivalleiar Britt Heidi Værøy
Fredag 23.juni spelar Frode Alnæs, SKAAR, Endre Olsen & Hestehandlarane og Ferdamann. Dagen etter, laurdag 24.juni, står CC Cowboy, Ausekarane, Statsmenn og TBA på scenen.
Laurdag blir det også dagprogram med besøk av Sinnamekkeren på scenen. Brannbamsen Bjørnis kjem, og så blir det ein ny versjon som tar over for det populære Sjørøvarshowet.
Søndagen blir det utegudsteneste i Gruveparken på Litlabø klokka 11:00.
Som tidligare år blir det rigga til for bubil-camp på gamle ferjekaien.