Det er ikkje så mange vekene sidan stordront.no påpeika at det korte rekkverket i nedgangen/oppgangen mellom gjestehamna i Evjo og Notahaugskaien låg med «knekt rygg», etter å ha blitt utsett for hærverk. Det skeive vart snøgt retta opp med nye støtter. Denne veka starta med nytt åtak på rekkverket, ved at halve handreet på toppen, der ein skal halda seg og sikra seg ved oppgang eller nedgang, var knekt og rive av.
Verkar så totalt unødvending – og kan kanskje takast som varsel om at det er på tide med rekkverk i stål?