Ivar Medaas var ein av dei mest folkekjære og jordnære artistane me har hatt, frå han slo igjennom med visa «Dar kjem dampen» på byrjinga av 60-talet, fram til han døydde 15 album seinare, i 2005. Endre Olsen & Hestehandlarane freistar pusta nytt liv i Medaas sin store songskatt, med bluegrass-lenande besetning, og harmoniar og med meir fokus på den eineståande musikaren enn på revyartisten, heiter det i omtalen.
Endre Olsen & Hestehandlarane er: Ragnhild Kambo Grov & Endre Olsen (song), Jørgen Sandvik & Roald Kaldestad (div. strengeinstrument), Anders Bitustøyl (kontrabass).
«Dette var, helt ærlig, noe av det beste jeg har sett på en norsk konsertscene. Jeg tar av meg hatten og bøyer meg i støvet, både for musikalitet, gjennomføring og evnen til å modellere dette materialet inn i en form som løfter både band og originalartist opp på et helt nytt nivå.» Rune Letrud, Musikkbloggen.no etter bandet sin første konsert, på Den Forvitnelege Countryfestivalen på Voss, september 2022.
I Bømlo Kulturhus laurdag 6. mai kl 1900.